«Det er ikkje noko SIM sala bim» – om implementering av skulens innsatsteam mot mobbing i tre vidaregåande skular

Forfattere

  • Kari Leikanger Buset Høgskulen i Volda, Noreg
  • Anne Randi Fagerlid Festøy Høgskulen i Volda, Noreg
  • Iselin Vatnehol Waage Høgskulen i Volda, Noreg
  • Peder Haug Høgskulen i Volda, Noreg
DOI: https://doi.org/10.23865/ntpk.v8.3722

Sammendrag

Skulens innsatsteam mot mobbing (SIM) er meint å vere ei hjelp i arbeidet med å betre skulemiljøet og hindre og møte mobbing på skulenivået. Denne artikkelen studerer korleis tre vidaregåande skular har arbeidd med å etablere SIM, og kva erfaringar det har gitt dei. Dataa er gruppeintervju med lærarar og skuleleiarar i dette arbeidet. Til saman deltok det 27 informantar. Det er nytta tematisk innhaldsanalyse. Skulane har i lang tid arbeidd for å betre skulemiljøet, og alle har arbeidd med mobbing og mobbesaker, men med ulik kompleksitet. Det tydelegaste funnet i studien er at det meir har gått føre seg ein assimilasjonsprosess, der SIM har blitt tilpassa eksisterande ordningar, enn ein akkommodasjonsprosess, at eksisterande ordningar er tilpassa SIM. Tiltaket har gitt personalet viktig kunnskap om mobbing.

English abstract

“There is no quick fix” – about implementation of response team against bullying in three upper secondary schools

The school’s response team against bullying (SIM/SAB) intends to improve the school environment and prevent and counter bullying at the school level. This article studies how three upper secondary schools have implemented SIM, and their experiences from the process. The data is gathered through group interviews with teachers and other key persons, analysed by a thematic content analysis. A total of 27 informants participated. For a long time, the schools have worked to improve the school environment, they have all in common that they have had bullying cases, but with varying degrees of complexity. The main finding in the study is that there has been more of an assimilation process, where SIM has been adapted to existing schemes, than an accommodation process, that existing schemes have been adapted to SIM. The measure has given the teachers important knowledge about bullying. 

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Publisert

2022-10-19

Hvordan sitere

Buset, K. L., Festøy, A. R. F., Waage, I. V., & Haug, P. (2022). «Det er ikkje noko SIM sala bim» – om implementering av skulens innsatsteam mot mobbing i tre vidaregåande skular. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 8, 347–361. https://doi.org/10.23865/ntpk.v8.3722

Utgave

Seksjon

Forskningsartikler

Emneord (Nøkkelord):

skolemiljø, organisasjonsutvikling, tilpassing, forankring, bullying, school environment, adaptation, anchoring