Vil læreplanen bidra til danning av elevane?

Forfattere

  • Odin Fauskevåg Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, NTNU, Norge
DOI: https://doi.org/10.23865/ntpk.v8.3739

Sammendrag

Danning har lenge vore ein sentral del av skulen sitt føremål og har også ein sentral plass i den siste læreplanen, Kunnskapsløftet 2020 (LK20). Eg argumenterer for at danningsoppdraget likevel vanskeleg lèt seg løyse innafor rammene læreplanen set, og gir to grunnar for dette: For det første viser eg at danningsoppdraget er for utydeleg definert i læreplanen. Der utdanningsoppdraget blir klarlagt gjennom grundige utgreiingar av omgrepet kompetanse, blir omgrepet danning knapt drøfta i det heile. Den andre grunnen er LK20 si kopling mellom danning og kompetanse. I artikkelen viser eg at danning og kompetanse er ulike former for kunnskap. Forenkla kan skilnaden skildrast slik: Kunnskap gir kompetanse når han gjer vår indre og ytre verd objektivt forståeleg og handterbar. Kunnskap er dannande når han gjer normative eller moralske aspekt ved verda forståelege. I forholdet til naturen, til dømes, er kunnskap dannande når han gjer naturen sin verdi og subjektive betydning synleg. Naturen blir her erfart som noko normativt, som noko som held oss ansvarleg og gir livet ei retning. Skilnaden mellom danning og kompetanse gjer at danningsoppdraget vanskeleg kan løysast gjennom det kompetanseorienterte rammeverket LK20 legg til grunn.

English abstract

Will the curriculum contribute to the Bildung of the students?

Bildung has long been a central part of the school’s purpose and has a central place in the latest curriculum, Kunnskapsløftet 2020 (LK20). I argue that the goal of Bildung is difficult to achieve within the framework set by the curriculum and I give two reasons for this: Firstly, I show how the goal of Bildung is too vaguely defined in the curriculum. Where the educational learning goals are defined through detailed discussions of the concept of competence, there are hardly any discussions of the concept of Bildung. The second reason is the connection between Bildung and competence in LK20. In the article I show that competence and Bildung are different forms of knowledge. Simplified, the difference can be summed up as follows: Knowledge leads to competence when it makes our inner and outer world objectively understandable and manageable. Knowledge contributes to Bildung when it makes normative or moral aspects of the world comprehensible. In relation to nature, for example, knowledge contributes to Bildung when it makes the value and subjective meaning of nature visible. As such, nature is experienced as normative, as something that holds us responsible and gives life a direction. The difference between Bildung and competence means that the goal of Bildung is difficult to achieve through the competence-oriented framework of LK20.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Publisert

2022-04-26

Hvordan sitere

Fauskevåg, O. (2022). Vil læreplanen bidra til danning av elevane?. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 8. https://doi.org/10.23865/ntpk.v8.3739

Utgave

Seksjon

Forskningsartikler

Nøkkelord:

danning, kompetanse, LK20, kritisk tenkning, bildung, competence, curriculum, critical thinking, responsibility