Spesialundervisning og ordinær opplæring

Forfattere

  • Peder Haug Volda University College
DOI: https://doi.org/10.17585/ntpk.v1.121

Sammendrag

Artikkelen tek opp spørsmålet om kva som er typisk for spesialundervisning i høve til ordinær opplæring. I forskingslitteraturen er det usemje om dette, og om det verkeleg er noko prinsipielt skilje mellom desse i det heile. Datagrunnlaget er observasjonar av elevar i ordinær opplæring og spesialundervisning. Det viser seg at i spesialundervisninga er læraråtferd og elevåtferd ei anna enn ordinær opplæring. For lærarane heng desse skilnadane nært saman med korleis  undervisninga er organisert. For elevane er ulikskapen der også når ein kontrollerer for organisering. Forskjellane mellom dei to formene for undervisning vert tolka slik at potensialt for læring er størst når det er spesialundervisning, slik føresetnaden ideelt sett er forventa å vere. Forsking om utbytet av spesialundervisning tyder på at dette potensialt ikkje kjem til sin rett, og at elevane ikkje får utteljing for dei gode vilkåra. Det blir ført ein diskusjon om kva som kan vere forklaringa på det. Område som er drøfta er organisering, relasjon til medelevar, aktivitetsformer og kvaliteten på opplæringa.  

English abstract

Special Education and Regular Education

The article deals with the likenesses and differences between ordinary and special education in the teaching of students with disabilities and learning difficulties. The research question is about what is special with special education. To identify the signature of special education is another formulation of the same intent. Recent research disagree about this issue and if there are fundamental differences between ordinary and special education. Data presented here comes from observations of identical students in ordinary and special education in Norway. Special education appears as different from ordinary education. Most characteristic are the segregation of students, more frequent student activity and an extensive individualization of students’ activity. The differences indicate a higher potential for learning in special education compared to ordinary education. This is also the ideal intention behind special education.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Publisert

2015-12-30

Hvordan sitere

Haug, P. (2015). Spesialundervisning og ordinær opplæring. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 1. https://doi.org/10.17585/ntpk.v1.121

Utgave

Seksjon

Forskningsartikler

Emneord (Nøkkelord):

spesialundervisning, ordinær opplæring, læringspotensial, lærarrolle, elevrolle